Kampen om Mardøla
Utsjånad
Regi | Oddvar Einarson | ||
---|---|---|---|
Utgjevingsdato | 1972[1] | ||
Opphavsland | Noreg | ||
Språk | norsk | ||
Sjanger | dokumentarfilm |
Kampen om Mardøla er ein norsk dokumentarfilm frå 1972 om Mardøla-aksjonen sommaren 1970.
Onsdag 26. august 1970 kl. 05.00: Politiet går til aksjon. Ved Mardalsfossen ber politiet vekk demonstrantar med filosofane Arne Næss og Sigmund Kvaløy i spissen. Dei første telta vart slegne opp sundag den 26. juli 1970. Dagen etter møtte anleggsarbeidarane desse plakatane: «Stans anleggsarbeidet til rettssaken er over», «Stans: Mardøla skal fortsatt renne til Eikesdalen» «Stopp: (gjelder bare anleggsmaskiner)».
Oddvar Einarson skreiv manus og regisserte filmen, medan Sturla Einarson stod for lyden.
Medverkande skodespelarar:
- Kjell Kjær kommentator
- Lars Andreas Larssen kommentator
- Liv Thorsen kommentator
- Dag Åkeson Moe kommentator
- Jan Hårstad kommentator
- Sossen Krohg kommentator
- Speletid: 89.32 minutt
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ The Internet Movie Database (på engelsk), Wikidata Q37312, henta 28. august 2018